Ask Alsaker Gundersen

19.03.2021

Den 3. februar kom endeleg veslebror Ask til verda. Han var 54 cm lang og vog 4258 gr. Stine Almås Alsaker og Vegard Gundersen er stolte foreldre, og Alma og Hedda er gode storesøstre. Linda Almås Alsaker og Kjell Alsaker er besteforeldre på Stord, Vigdis Iren Martinsen og Karl Johan Gundersen er besteforeldre på Karmøy. Ask er heldig og har fem oldeforeldre; Aasa Alsaker, Eva Almås, Claus Arvid Almås, Målfrid Almås og Kaia Davida Dahl.